Vigeland
museet

Eng
Pandemic Solution

Pandemic Solution

VIGELAND LIVE

Pandemic Solution er en jazztrio med smittsom spilleglede! Trioen så dagens lys i 2020, og består av pianist og komponist Norvald Dahl, bassist Ingebrigt Håker Flaten og trommeslager Håkon Mjåset. Deres første album ble spilt inn i januar 2024, og konserten i Vigelandmuseet blir en eksklusiv førpremiere med musikk fra det nye albumet.

Konserten er utendørs, kle deg etter været.
Konsertstart: 20.00

Billetter: Pandemic Solution på Vigelandmuseet

Hør Pandemic Solution:

https://www.youtube.com/watch?v=ZM5K7yYukig

https://www.youtube.com/watch?v=9C0-MvIP0Os

https://www.youtube.com/watch?v=baOErsQbGTw

Pandemic Solution
Pandemic Solution

Bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan 1995 vore ei drivande urkraft i norsk jazz, og hadde nyleg ansvar for tingingsverket ved Vossajazz. Med sitt energiske spel har han vore ein sentral del i grupper som The Thing, Atomic, Free Fall, Scorch Trio, Kornstad/Håker Flaten Duo og mange fleire. I 2006 flytta han til Chicago og etablerte The IHF Chicago Quintet/Sextet, og har i dei seinare åra vore busett i Texas der han etablerte Austin-bandet Young Mothers. Flaten har dei siste par åra vore busett i Noreg og turnérer no verda rundt. Ingebrigt har mellom anna spelt med musikarar som Frode Gjerstad, Dave Rempis, Bobby Bradford, AALY Trio, Ken Vandermark, Stephen Gauci, Tony Malaby, Daniel Levin, og Dennis Gonzalez.

Pandemic Solution
Pandemic Solution

Trommeslager Håkon Mjåset Johansen har posisjonert seg som ein av dei fremste musikarane landet vårt har å by på, og blei i 2008 utpeikt som den første NTNU-jazzambassadør, ein tittel som årleg tildelast ein jazzartist eller -gruppe som "på ein fremragande måte fungerer som ambassadør for NTNU og jazzmiljøet i Trondheim." Han gjekk ut fra Jazzlinja ved NTNU i 1995 og slo tidlig igjennom med trioen Urban Connection og blei så kåra til «Årets unge jazzmusikere» i 1998. Samtidig var han medverkande i profilerte grupper som Motif, Come Shine og Trondheim Jazz Orchestra som spelte med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Mjåset Johansen har og spelt med store stjerner som Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, og Nils Petter Molvær. I 2013 vann han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival.

Pandemic Solution
Pandemic Solution

Norvald Dahl er i frå Fosnavåg på Sunnmøre, og har lang fartstid som leiar for ulike musikalske prosjekt. Han fullførte Mastergrad ved Norges Musikkhøgskole i 2019, og har turnert med orkester som "Norvald Dahl trio + Jon Irabagon" og "Wayne Brasel kvartett". Dahl har gitt ut tre album i eige navn, og driv no plateselskapet Blåmann Records. Dahl turnérer for tida med soloprosjektet «Flying High», med konsertar i inn- og utland.

Flere arrangementer